Historien om garden og setra

Tekst: Terje Kleiven
ca. 1 min lesning

«Øvst uppi Ottdale’ uppved Lalmsbrue, ris det te-vers ein høg fjell-tind som kalles Ottdals-Hovda, hell Hovdaspiggen. Neonde Piggje er det ei litol smal remse med jord utved elvfaret og her ligg det ein gard heiter Nørdre Kleive’».
Slik skriv bygdahistorikaren Ivar Kleiven om heimgarden vår. Den er nemnt første gongen skriftleg i 1621 og nevnt som «ødeplats». Dermed kan ein truleg skrive historia heilt attende til før Svartedauden i 1349/50. Ei tid låg garden under Tolstad og var også ei tid krongods under kongen i København. Dette er altså ein av dei eldste gardane i Ottdalen. Slekta vår har vore på garden sidan rundt 1750.

STOR-OFSEN
Stor-ofsen i 1789 for svært ille med garden. Ni hus vart teke av ras, berre ein stall stod att. Både kjerringa og alle ungane var på setra, berre mannen var att heime. Da stor-regnet sette inn for fullt den 21. juli tok han alt som laust i husom var og fløtte det over til ein stall som han tykte stod trygt te, før han gjekk etter opp på setra. Da han kom ned att etter at uveret hadde gjeve seg, var alle husa borte, bortsett frå stallen.
I 1826 gjekk eit nytt ras som tok stugu. Eigaren dem gongen, Lars H. Kleiven. fekk kjøpt øver-delen av eit stabbur i Nerlien som vart stugu i Kleiven heilt til Lars O. Kleiven bygde nytt i 1969. Da vart den gamle stugu sett opp som hytte ved Hovdassetra. Etter Stor-ofsen og raset i 1826 vart husa sett opp litt lenger ned og aust, som dei meinte var ei litt tryggare plassering.
Garden på ca 30 dekar er brattlent, men med god jord. Attåt høyrer det skogteig på rundt 475 dekar i tillegg til omlag 1000 dekar fjellvidde. I «gamle dågå» hadde dei eiga kvern i Rinda saman med ein annan gard (Nedre Lykkja) i Ottdalen.

HOVDASSETRA
Nørdre Kleive har seter innafor Hovdaspiggen, nemn første gongen i matrikkelen frå 1668. Seterstugu er frå 1837. Den vart vølt i 1946/47 og fekk seinare eit tilbygg i 1990/91. Ei seterstugu som var før denne tida, er i dag oppsett som hytte hos Romundstad ved Skjerdinghaugen, etter først å ha tent som seterstugu på nabosetra. (Rusten). Det gamle fjøset er frå 1920-talet og låven vart sett opp i 1947. I tillegg er det ysthus, aurbu og ei gamal lyu. I tillegg til kyr og sau, var det også geit fram til midt på 1930-talet. Den tradisjonen har vi nå teke opp att.
Rundt 1960 vart det nydyrka eit større areal «inna Haugen». Først i 1952 vart det opparbeidd skikkeleg kjørveg til setra. Før den tida var det ein skarve «hestveg», som mellom anna vart brukt til å frakte ned høy med hest vinterstid. Vi dreiv med ysting heilt fram til midt på 1960-talet da mjølka vart levert til ysteri. Mjølkeproduksjonen på setra tok slutt i 2002 da garden gjekk inn i samdrift.

TJUV-TJØSTOL
Står du ytst på stupet på Hovdaspiggen vll du sjå at det går ned ei bratt klovo som ber namnet Klovet. Øvst i Klovet, på venstre sida, ligg det ei gropo eller hule i bergveggem. Tjuv-tjøstol-holo som ho heiter, har fått namnet sitt etter ein som heitte Tjøstol, født i 1729. Foreldra var leiglendingar (husmannsfolk) i Nørdre Kleiven som den tida låg under storgarden Tolstad og som også var lensmannsgard.
Tjuv-Tjøstol fekk tilnamnet sitt fordi han var så tjuvaktig.

Det er godt dokumentert gjennom rettsbøkene at Tjøstol hadde to lengre opphald uppi holo si i Hovdaspiggen. Det var i sommaren 1750, etter at han hadde rømt frå militærtenesten. Frå slektningane sine i Kleiven fekk han både mat og drikke. Dei hjalp han au med sysaker og stoff, for Tjøstol var også skreddarkyndig. Folk fekk nok snart greie på at han heldt til uppi Klovet, men det var ingen som torde å ta seg nedi der, for dei visste at han hadde børse.Tjøstol var au for glup til at dei greidde å fakke han medan han var innpå hjå budeiom på Hovdassetrom.

Da haustnettene vart for kalde for ‘om uppi holo si reiste han til Romsdalen under falskt namn og fekk seg arbeid på ein gard. Da rykte begynte å «innhente» han, reiste han attende åt heimbygda i 1751 og var nå åtte veker uppi holo si i Hovdaspiggen. På hausten tok han på vidde att og kom seg i arbeid hjå ein mann i Valdres.
Men her kom det au for øyra hans ei etterlysing så han fann det best å ta seg over fjellet att og fekk bygd seg ei steinbu i Griningsdalen. Han gjorde mange innbrot i setrom og attåt jakta han både hare og rype. Da det vart oppdaga at det var stole frå setrom, var det eit mannsterkt følgje på åtte personar som gav seg på tur inni Sjodalen for å ta han. Det var da han skaut og drap ein av «forfølgjarane» som heitte Jo Dovre. Tjøstol rømde så nedi Lærdal, men der vart han arrestert av lensmannen tre veker seinare.

Tjuv-Tjøstol vart dømt til døden og avretta i 1753, berre 24 år gamal. Mest truleg var det drapet han gjorde inni Griningsdalen som førte til hans eigen dødsdom. Far hans og ein tenestgut fekk Festningsarbeid i to år som straff, medan mor hans og ein yngre bror kom på tukthus.
Det blir sjølvsagt spunne mange slags ulike forteljingar om Tjuv-Tjøstol. Ei slik historie fortel om at Tjøstol og bror hans ein gong låg øvst i Skårsbrekka og prata om kor dei skulle leggje tjuvferda si til natta. «Oss held oss dit det er kvitaste peis-pipun», sa den eine. Og slik vart det. Den natta braut dei seg inn på storgarden Tolstad og stal sølvty.
(Kjelde: Ivar Kleiven)

VIP ALPAKKAVANDRING

PAKKETILBUD FOR GLAMPINGGJESTER

Kontakt oss for å booke VIP-alpakkavandring